Vi fikk inn en melding fra den som startet opp FACEBOOK SIDEN GULE VESTER i Norge. Øyvind Grønvik Schanhe. Sporty stilte han opp for FRI FAGBEVEGELSE for et intervju.
Øyvind mener at desken i FAGBLADET rev i stykker det opprinnelige intervjuet. Vi gir han derfor spalteplass til å dele det han håpte kom på trykk. Det handler om fair play. Hvis du stiller til intervju med ALTERNATIV MEDIA skal du føle deg trygg på at vi ikke skal fordreie sannheten. Dette er et ballespark til MSM journalistikk ;
Her er det opprinnelige intervjuet. Det som Øyvind trodde skulle komme. Det er presentert som et :
Leserinnlegg fra Øyvind Grønvik Schanke :

Norge har allereie fått sine «gule vester». Uføre Øyvind (36) er ein av dei som krevjer at stemmen hans blir høyrt
– Vi må ta tilbake stemmene våre, som har blitt tia i hel, og ikkje godta at vi blir knebla. Det er ikkje berre i Frankrike folk har funne fram refleksvestane. Også i Norge ulmar det, om enn i ein gangske annan størrelsesorden. På litt over ei veke har nemleg Facebook-gruppa «Gule vester i Norge» fått nærmare 2.500 medlemmer. Øyvind Grønvik Schanche var mannen som starta gruppa.
Den siste månaden har Frankrike stått i brann. Hundretusenvis av demonstrantar har protestert mot dårlegare kår for franskmenn flest og president Emmanuel Macrons økonomiske reformar. Dei blir kalla «dei gule vestene» etter refleksvesten bilistar må ha i bilen. I utgangspunktet var det ein protest mot ein auke i drivstoffprisane, men utvikla seg til å bli ein langt breidare rørsle med støtte frå 70 prosent av befolkninga. Førre veke ga presidenten etter og droppa avgiftsauken, og varsla dessutan auke i minsteløna og andre tiltak for å betre vilkåra til franske arbeidsfolk.
«De gule vestene» får gjennomslag mot Macron, men krever fortsatt presidentens avgang.
Kven er desse facebookaktivistane som ønsker seg opprør mot myndigheitene i Norge? Ein kan vel umogleg samanlikne situasjonen vår med den til det franske folk? Her heime er jo velstanden stor og folk har tillit til polikarar og myndigheiter, har dei ikkje? Det er iallfall inntrykket ein får om ein les statistikkane gjengitt i media. Eller «mainstream media», som fleire kallar det.
Øyvind Grønvik Schanche fortel at den norske gruppa er inspirert av franskmennene og famnar breidt. Til felles har dei at dei har «fått nok». Dei har fått nok av myndigheiter som ikkje lyttar og politikarar som ikkje tar befolkningas meiningar på alvor. Folket krevjer at stemmene deira skal bli høyrt.
36-åringen frå Tromsø har sjølv erfaring med ulike institusjonar. Han har sett helsevesenet, psykiatrien og rettsvesenet innanfrå. Han er utdanna tømrar, men er arbeidsufør etter å ha fått hjernehinnebetennelse og ryggmargsskadar. Han hamna i rullestol og brukte eit halvt år på å lære seg å gå igjen. Det er ingenting han vil meir enn å bidra til samfunnet, men er framleis sjuk og brukar medisinsk cannabis. Dermed får han ikkje lov til å køyre bil og kjem seg verken på universitetet eller på jobb. I staden er bruker han tida si på aktivisme.
Øyvind har lenge stilt spørsmål til etablerte sannheiter. Som politisk aktiv ungdom lærte han kor mange fattige som døyr i sekundet på verdsbasis, korleis Det internasjonale pengefondet og Verdsbanken fungerer. Han veit at dei rike og mektige har planar som folket ikkje ville godtatt om vi hadde kjent til sannheita.
Og det er fleire og fleire som begynner å innsjå kva som er sannheita: at verda ikkje er som på TV.
Blant dei gule vestane i Norge er det innvandringsskeptikarar, antirasistar, strålevernsaktivistar, bomaktivistar, barnevernsaktivistar og fredsaktivistar. Og fleire. Det nyttar ikkje å ha berre halve befolkninga med seg når ein skal kjempe mot udemokratiske prosessar, meiner Øyvind.
Gruppa må famne breidt.
– Vi har blitt lurt på villspor, men no vil vi ikkje lenger akseptere det. No søker folk på nettet og finn informasjon sjølv. Dette er ei opplysingstid vi aldri har sett maken til. Vi vil ikkje bli overkøyrd, så finn fram refleksvesten, er slagordet vårt, fortel han.
I Facebook-gruppa er det folk på både høgre- og venstresida, som har sine ulike kampsaker. Men ei enkeltsak bind dei fleste saman, meiner Øyvind. Det er kampen mot EU og EØS. Sjølv om folket stemte nei, vart vi lurt inn og underlagt EUs suverenitet. – Vi blir putta inn i eit skille mellom høgre og venstre og stilt opp mot kvarandre. Det gagnar berre dei som har makt. Nok er nok, seier han.
Han listar opp: Det er nok bomstasjonar. Vanlege folk skal ikkje måtte sitte heime, medan rike folk kan fly rundt i ein statssubsidiert Tesla. Regjeringa kuttar i støtte til fysioterapi, medan dei gir skattelette til dei rikaste blant oss. Ulike regjeringar har solgt ut og privatisert norske ressursar. Det som høyrer til det norske folket. Landet vårt er snart ikkje til å kjenne igjen, meiner Øyvind. Og tvangssammenslåingar av kommunane … Folk er forbanna.
Meir openheit og demokrati skulle vere svaret på terroren som ramma oss for sju år sidan. Men dette er ikkje det vi har, meiner Øyvind. Sånn som når statsministeren vil fjerne innsynsrett i kalenderen sin. – Det er ikkje demokrati at ei lita gruppe skal sitte i det skjulte og ta store avgjerder på våre vegner og for vår framtid. Demokrati kan ikkje være ei linje i botnen av ein pyramide.
Han blir trist når han tenker på alle dei som er desillusjonerte og ikkje trur vi kan påverke samfunnet og kvardagen vår. Dei som heller vil klage og kjefte enn å gjere noko. For det nyttar å prøve.
Opprørsånden har han frå barnsben av. Han var husokkupant som ein månad gammal, då mora okkuperte ein gammal kjøpmannsgard med Øyvind på arma. Noko av det han blir mest provosert av er justismord, der offera har tatt opp lovbrot eller kritikkverdige forhold og blir urettferdig behandla. Han har sett justismord på nært hald. Familien var offer for ulovleg overvåking frå norske myndigheiter fordi dei var aktive kommunistar.
Må tørre å snakke om migrasjon
Det som fekk begeret til å renne over, og gjorde at han ein norsk versjon av dei gule vestane, var beredskapsbrosjyra som nyleg vart sendt ut til norske husstandar, der myndigheitene ber folk ta forholdsreglar og førebu seg på eventuelle kriser. Øyvind trur ikkje det er tilfeldig at denne vart sendt ut no.
– Eg oppfatta beredskapsbrosjyren som skremselspropaganda. Vi får førespegla det verste frå myndigheitene våre, som hissar til krig med Russland og fråskriv seg ansvar.
Han viser til den gigantiske Nato-øvinga som i haust har vore gjennomført i på norsk jord, med femti tusen soldatar frå tretti land som deltakarar. Russland svarte med prøveskyting av missilar utanfor Mørekysten.
Sjølv om dei gule vestane går på tvers av etablerte organisasjonar, har også fagrørsla ei rolle i kampen for dei stemmelause, meiner Øyvind Grønvik Schanche. Dei bør knytte band til gruppar utanfor sitt eige styre og stell. Dei må peika på dei som har minst og kjempe for at dei skal få meir, ikkje berre høgare løn til medlemmene sine, seier han. Og legg til:
– Fagrørsla må også tørre å snakke om masseimmigrasjonen på ein måte som ikkje hetsar flyktningar eller innvandrarar.
Men er ikkje nettopp det at folk kan bevege seg fritt over heile verda ein bra ting, eit framsteg for folk? Ja, i utgangspunktet er det jo det, meiner han. – Men ikkje om det er ein forretningsplan for dei som vil knuse dei opparbeida rettane våre, der dei hentar inn billeg utanlandsk arbeidskraft og dumpar løna. Alle vil jo i utgangspunktet bu der dei bur, utan å leve i fattigdom, nød og krig. Vi blir spelt opp mot kvarandre.
Mange i Facebook-gruppa hans er veldig opptatt av FNs migrasjonsplattform. Dei opplever å bli stempla som rasistar og konspirasjonsteoretikarar. Det er ein hersketeknikk, meiner han. – Dei var i utgangspunktet skeptisk til avtala fordi vi ikkje har blitt informert om den, men blir radikalisert når dei blir skulda for å vere høgreekstreme og rasistiske.
Han fortel at dei gule vestane i Norge tar avstand frå rasisme. I Facebook-gruppa blir rasistiske innlegg sletta, men han kastar ikkje folk ut. – Gruppa skal famne så breidt at den speglar folket, ikkje agendaen til ei enkeltgruppe, seier han.
Folk må skjøne at det er meir verdt at vi står saman enn at vi står aleine og kvar for oss. Han forstår dei som reagerer på aukande migrasjon. Men dei som flyktar eller flyttar på seg er også ein del av opprøret, slår han fast. Dei er også blant dei stemmelause.
For kva er årsaka til at folk flyktar eller flyttar på seg? Det er fordi vestlege land driv krigføring i område langt utanfor grensene sine og legg grunnlag for nye konfliktar, meiner han. I tillegg driv økonomien folk til å flytte på seg, fordi profitt kjem framfor alt i dagens samfunn, medan folket kjem sist, meiner Øyvind.
Vi er ferdig med splitt og hersk, forklarer han. Han vil vise at folket ikkje lenger kan lurast opp i stry. – Eg kjenner meg lurt, dei kjenner seg lurt. Ein kan ta handa til nokon som står på den andre sida, fordi vi er einige om noko.
Skyttergraver er lite konstruktivt, fordi rasistane blir meir rasistiske og ein sjølv blir meir konfrontativ. Mange antirasistar skjøner ikkje dette, meiner Øyvind.
Ei Facebook-gruppe med 2.500 medlemmer kan vel neppe kallast franske tilstandar. Kva er neste skritt?
– Neste steg er at folk tar på seg vesten og viser solidaritet med medmenneska sine over heile planeten. Eg kan ikkje bestemme kva folk skal gjere, folk må definere si eiga framtid og sine eigne krav. Men berre det at ein tek på seg refleksvesten er eit framsteg. I tillegg oppfordrar vi folk til å ta isbad for menneskerettar. Vi er dagleg vitne til justismord fra norske myndigheiter. Vi tek ikkje fram giljotinen som i Frankrike, men seier hopp i havet. Det er tøffare, synest eg.